Behandlingsmetodar
Me i Helse i Sentrum tilbyr manuell behandling av muskel- og skjelett plager. Me bruker fleire teknikkar for ulike typar behov, og kvar behandling blir individuelt tilpassa kvar enkelt pasient. I tillegg til dette tilbyr me alltid informasjon og råd samt førebygging og veiledning.
Manipulasjon (leddbehandling)
Manipulasjon er ein behandlingsteknikk som inneberer spesifikke grep med høy hastigheit, men liten kraft. Denne teknikken optimaliserer funksjonen i rygg eller ledd og reduserer muskelspenningar.
Mobilisering
Mobilisering er ein spesifikk og leddnær tøying og er eit alternativ til manipulasjon. Det vert brukt liten kraft og langsame bevegelsar for å oppnå normal funksjon i leddet.
Triggerpunktsbehandling
Triggerpunktsbehandling brukast for å minske muskelspenningar og utstråling som kommer frå musklane, ofte kjent som muskelknutar.
Muskeltøying
Muskeltøying brukast for å redusere muskelspennigar og for å optimalisere funksjonen til dei involverte musklane.
Massasje
Massasje brukast for å minske muskelspenning og auke blodsirkulasjon. Med denne teknikken myker ein opp musklar og ledd.
Rehabilitering og trening
Heimeøvingar og treningsprogram er ein viktig del av behandlinga. Pasientar får med seg råd og rettleiing om korleis de kan førebygge og rehabilitere smerter heime eller i arbeidslivet.
Akupunktur
Kjersti har vidareutdanning i medisinsk akupunktur og akupunktur 2000. Dette vert brukt som eit supplement til naprapatbehandlinga.
Tørrnåling (dry needling)
Både Lisa og Kjersti har kurs/vidareutdanning i tørrnåling. Dette vert brukt som eit supplement til kiropraktor- og naprapatbehandlinga, primært ved behandling av triggerpunkt (muskelknutar).
Traksjonsbehandling
Traksjonsbehandling vert brukt ved hjelp av ein spesialbenk, kvar øvre del av benken står i ro og nedre del av benken bevegast sakte opp og ned. Dette fører til ein «pumpande» effekt av skivene, og behandlinga er der av mykje brukt ved pasientar med skiveproblematikk og prolaps, både med og uten nerveirritasjon.